STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21853.jpg

FAQ

Vi får mange spørsmål om Kongevegen over Filefjell. Her er dei mest stilte.

Generelt
Vegen startar ved Kvamskleive i aust og ender på Lærdalsøyri i vest. Turen er cirka 10 mil lang til saman, og du kan gå vegen i begge retningar. Les meir om Kongevegen og anbefalte strekningar - her

Fins det overnattingsbedrifter langs kongevegen?
Ja, det fins overnattingsmoglegheiter langs store deler av vegen – her

Tilbyr de bagasjetransport mellom bedriftene langs kongevegen?
Mange av turpakkene du kjøper frå www.visitkongevegen.no tilbyr det. Nokre bedrifter gjer det også utanom pakkene. Ta kontakt med overnattingsbedriftene og høyr kva dei kan tilby di gruppe – her

Kan eg ha med med barn på kongevegen?
På dei anbefalte etappane går det fint å ha med barn. Men dette må uansett individuelt vurderast på eiga hand.

Kva sesong er best å gå fjellstrekninga?
Frå og med 15. - 20. juni bør det være bart over Filefjell. Då vil det vere mogleg å gå her heilt ut i oktober, til rundt veke 41. Strekninga nedover i Vang og Lærdal kan være mogleg å gå frå cirka 1. mai. Men det kan variere, snøen kan gå både tidligare og seinare.

Kvar anbefalar de å vandre langs kongevegen?
Les meir om kongevegen og dei anbefalte strekningane – her

Korleis er det å sykle langs kongevegen?
Kongevegtraséen kan syklast, men med varsemd. Kongevegen er eit sårbart kulturminne.
Sykkelkart fins no digitalt. Les meir - her
Varierande underlag: grus, gras, sti og asfalt.

Kan eg nytte hest langs kongevegen?
For dei som ønsker å ha med hest og ri, anbefaler vi eit besøk i forkant for at du kan gjere sjølvstendige vurderingar av moglegheitene og kva strekningar som passar best. Det er varierande underlag: grus, gras, sti og asfalt.

Er kongevegen tilrettelagt for rullestolbrukarar?
Kongevegen er i utgangspunktet ikkje tilrettelagt for rullestol, men det kan være mogleg å ta seg fram på fleire av strekningane. Vi anbefalar ei rekognosering i forkant for å gjere sjølvstendige vurderingar av moglegheitene. Varierande underlag: grus, gras, sti, asfalt.

Korleis er det å telte langs kongevegen?
Du kan telte undervegs, her gjeld dei generelle reglane (i utmark 150 meter unna bebudd hus/hytte og inntil 2 døgn). Om det er strengare lokale regler står det som regel skilt. På innmark må du alltid ha løyve fra grunneigar. På høgfjellet kan du telte i lengre periodar så lenge det ikke er til skade eller ulempe.

Om du bevegar deg litt vekk fra kongevegtraséen vil du finne teltplasser, men nedover i Lærdal og deler av strekninga langs Vennis må du lengre vekk, då det er eit aktivt landbruk og mykje innmark i dalen.

Husk også at du kan telte hjå fleire av overnattingsbedriftene våre. Då vil du også få moglegheit til å nytte deg av fasilitetane bedriftene tilbyr. Ta kontakt med ønska bedrift og sjekk moglegheitene.

NB: Alt du tek med inn på Kongevegen skal også takast med ut att, slikt som søppel og alt anna. Viktig: Merk deg kvar toaletter og utedoar er langs ruta. Ikkje bruk naturen eller landskapet rundt vegen!

Fins det et turkart over kongevegen?
Du kan kjøpe turkart for heile ruta - her
Du kan kjøpe rundturkart - her
Du kan kjøpe begge karta - her

Kan eg ta med hund på kongevegen?
Det er uproblematisk å ha med hund langs kongevegen, men ønsker du å overnatte på ein av våre bedrifter er det lurt å sjekke om det er lov med hund på forhånd. Hugs båndtvangreglane. Kontakt bedriftene direkte – her

Reglar for båndtvang Vang kommune
Reglar for båndtvang Lærdal kommune 

Fins det transporttilbod langs kongevegen?
Rute for Kongevegbussen - her

Lokalbuss over Filefjell:
Øst-Vest ekspressen 
Rute 138 Lærdal-Fagernes

Fins det taxitilbod langs kongevegen?

Lærdal:
Solheim Taxi, Borgund: 415 10 100

Vang:
Ryfoss Taxi: 46 30 46 30
Vang Taxi: 46 46 46 04